Arrangement

default_file-1788268235.jpeg

Organisten

Premiere - Teaterforestilling: Organisten - Bergen Kirkeautunnale 2026

Teaterforestilling av og med Lina Taule Fjørtoft. Mysterier og kodar frå oldemor si salmebok.

Bli med på oppdagelsen av eit over hundre år gamalt mysterium i Arna Kyrkje!

I gjennomgangen av dødsbuet til Lillian si bestemor dukkar det opp ei mystisk hatteeske med gamle skattar, orgelnotar og dagboknotater. Det er fleire spor og koder som leier i retning kyrkja, men kvifor? Kva er samanhengen mellom Arna kyrkje og Lillians familie? Held kyrkja framleis på nokre hemmelegheiter, som kan gje Lillian svar? Og kva er det eigentleg med denne organisten som stadig dukkar opp?

I framsyninga vert publikum invitert med inn i Lillians familiemysterium, og må saman med Lillian prøve å tolke koder og kyrkjehistorie, i søken etter å forstå eit drama som har vore hemmeleg i over 100år.

I etterkant av framsyninga vert dei ein ettersnakk om Arna kyrkjes historie.

Passar frå 10 år. Kr 150. Kjøp billetter her

 

Regi: Ingrid Askvik

Manus: Lina Taule Fjørtoft og Ingrid Askvik

Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft

Musiker: Frode Skag Storheim

Kostyme/rekvisitt: Tora Troe

 

Produsert av Kyrkjekultur Vest

Arrangementet skjer i samarbeid med Arna kyrkje

Støtta av: Kyrkjebevarigsfondet og Vestland Fylkeskommune