Arrangement

Juni 07_Nattfolket-illustrasjon_credit_Lukas_Hauge_Klemsdal-opera-bno-festspillene_bergen-norge-norway-2026.jpeg

Nattfolket

Eventyrleg familieopera av Knut Vaage og Bjørn Sortland

Ordføraren og investorane vil hogge ned den gamle eikeskogen for å byggja hytter. Ungdommane Ciril og Noah tek opp kampen for å redda skogen og alle som bur der.

Nattfolket er ein humoristisk og leiken opera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell. Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak.

Bygda Indre Kluredal er delt i to: Det lokale sentrumet med rådhus, og ein gammal eikeskog der Nattfolket – nokre fugleaktige, menneskeliknande vesen – lever i eit slags magisk univers. Alle i Nattfolket elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og likar ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.

Ordføraren i Indre Kluredal, skogeigaren Kjell, kjem i konflikt med Nattfolket. Dei vil miste livet sitt dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til det nye hyttefeltet og naturparken Kjell vil byggje. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er at dei har ei heks som kan ta songstemma frå folk, slik at livet vert trist for menneska.

Noah og Ciril må henta hjelp frå sjølvaste dronninga i hovudstaden. Og ho er klar som eit egg til å bidra – ho vil vera ei folkedronning!

Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg – samstundes handlar den også om gleda ved det å synga!

(Illustrasjon: Lukas Hauge Klemsdal)

Språk
Fremføres på norsk

Anbefalt alder
Fra 8 år

Billetter kr 450/110. Kjøp billetter her

 

Medvirkende
Bergen Filharmoniske Orkester

Ingar Bergby dirigent

Bjørn Sortland libretto

Knut Vaage komponist

Erik Ulfsby regi

Ingrid Nylander kostymedesign

Vasylyna Kharchevka scenograf

Torkel Skjærven lysdesign

Thorolf Thuestad lyddesign

Belinda Braza koreograf

Lillian Bikset dramaturgi

Maia Reppe Noah

Eldrid Gorset Ciril

Håvard Stensvold Kjell

Siv Oda Hagerupsen Gunn (Cyrewen)

Ivi Karnezi Dronning Bibbi Jeanette

Eirik del Barco Soleglad hytteinvestor

Tormod Løvold hytteinvestor

Jonas Fuglevik Urstad Herold

Edvard Grieg Vokalensemble, Edvard Grieg jentekor, Edvard Grieg guttekor

Håkon Matti Skrede kormester

Ingeborg Ekeland kormester barnekor

En samproduksjon mellom
Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera og Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene