Skinnvotten i ny drakt
Velkommen til ei musikalsk gjenfortelling av eventyret om Skinnvotten i samarbeid med Wrap's Plastisk arena.
Det var ei mørk vinternatt i skogen, då ein gammal mann mistar den eine votten sin. Utan å vite det sjølv, vert votten til husrom for dei mange dyra som fins i skogen.
I denne musikalske gjenfortellinga av eventyret om Skinnvotten blir vi kjent med dyra i skogen, som leiter etter ein stad å varme seg. Eventyret blir fortalt ved hjelp av ny musikk for fiolin og cello, og blir framført av Mara Haugen på fiolin, og Ragnhild Sannes på cello.
Ragnhild Sannes og Mara Haugen er klassisk utdanna musikere, som vier ein stor del av sitt virke til nymusikk og arbeid med barn. Dei har med sitt prosjekt «Skinnvotten i ny drakt» (2024) nådd ut til hundrevis av barn med nymusikk.
Sannes/Haugen arbeider også med å gje barn i orkester høve til å erfare korleis det er å vere delaktige i den skapande prosessen, og bli kjent med nymusikk og utvida teknikker for strykeinstrumenter. Dei held workshops der barna kan utforske nye teknikker, klanger og lyder.
Eit eksempel på dette kan høyrast på Bergen Offentlige Bibliotek den 7. november, der Bønes og Fana Unge Strykere skal vere med og framføre musikken fra Skinnvotten.
«Skinnvotten i ny drakt»
Kl. 14.00, 27 september (dørene åpner klokken 13.30)
Varighet ca. 30 minutter
Billetter: Kr. 60 pr pers og Kr. 150 for familiebillett.
Billetter kjøpes i døren. Vipps eller cash.
Familieforestilling som passer for alle, men kanskje særlig barn mellom 2-6 år