Arrangement

Verksted_eventyr-kopi.jpg

Familieverkstad: Teikn og mal eit mystisk eventyr!


Med akvarellark, akvarellblyantar og gullmåling får du denne dagen høve til å skape ditt eige eventyr.
Vi lèt oss inspirere av eventyr og Theodor Kittelsen sitt mystiske bilete Nøkken fiskar, som høyrer til i Grieg Kunstsamling.
Velkommen til ein kreativ og hyggeleg familieaktivitet!
___
Om familieverkstadene: 
Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien, og alle deltakarar får rettleiing undervegs.
Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen, og kunstverka kan takast med heim same dag.
Målet er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også vaksne deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.
Stad: Foaje


Pedagog: Inga S. Søreide


Antall plassar: 30


Varigheit: 2 timar


Pris: 140,-

https://www.oseana.no/event/familieverkstad-teikn-og-mal-eit-mystisk-eventyr/