Robin Hood-huset i Bergen: Gir til dei som treng det
Tekst og foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes
Aktivitetsleiar Ida (21) tek deg imot ved døra i det du stig inn i eit rom som luktar ei blanding av tacokjøtt og lefser.
- Velkommen, her er det berre å stiga på! Det kjem raskt fleire folk, både vaksne og barn. Det summar mellom familiar på alle moglege språk denne taco-fredagen i familiekafeen.
Klokka er ti over fem og sjefskokk Mauricio tek ordet og fortel om kveldens meny; curry med søtpotet, shepherd’s pai med biff og sjølvsagt taco. Dei som sit ved veggen blir beden om å starte gildet.
Ein kafè der ingen treng å betale
Tacoen smakar som heimelaga. Ein tallerken går i bakken, men det vert raskt ordna og rydda opp. Ei jente leverer tacochips til ei anna nokre bord bortanfor, og nokon har leita fram brettspel og puslespel. Stemninga er roleg og fredeleg, og når isen kjem fram kan kven som helst forsyna seg. Det heile er som ein kva som helst kafè, men ein der alle kjem samtidig, og ingen treng betale for maten.
- Vi opplever sjeldan at nokon utnyttar tilbodet. Fredagskvelden er for familiar, med vaksne og barn, tanter, onklar og besteforeldre. Men vi har også ope andre dagar i veka for dei som vil utvida nettverket sitt.

Turar ut av huset
I morgon skal Ida ta med seg 45 barn og foreldre på flipzone. Det og svømming er nokre av familieutfluktene det går an å melde seg på i skuleferien.
– I dag då vi var i svømmehallen lurte ho i skranken på kor mange på tre år eg hadde med. Eg sa eg trudde det var tre. Ho berre; her er det lurt å vere sikker, ler Ida. Det er mange å halde styr på, men heldigvis er foreldra med, og det går veldig bra.
Melika (8) spring til Ida for å høyre om ho har fått plass på morgondagens utflukt. Det har ho. Ho håpar den nye vennina hennar Sofia også blir å sjå. Melika går i 3b og har vore på Robin Hood-huset mange gongar før. Det har Helen (10) også.
– I dag har eg vore å svømt i lag med mange andre familiar. Det er alltid så mykje som skjer i feriane her, fortel ho. No kryssar ho fingrane for at den neste turen blir til Vil vite-senteret.
- Det hadde vore max gøy!
Frivillig fellesskap
Ei mor som kom til Bergen frå Ukraina i fjor er på kafeen med den tre år gamle dottera si.
– Ei venninne sa til meg; kom, du må bli med på denne koselege plassen, fortel ho medan treåringen leikar med eit bordskilt. Mora jobbar til vanleg i barnehage. Ho fortel at ho i hovudsak kjem grunna det sosiale.
Rett ved sida av bordet deira sit ein anna familie som snakkar same språk.
- Om ein er ny, kan ein spørje om alt frå Skatteetaten til skulebytte her, fortel mora.
- Har ein vore i byen ei stund handlar det gjerne meir om kva kjekke ting som skjer framover, kva ein kan gå på i lag.

Eit pusterom på vegen
Medan Ida skal på Godt Brød og hente bollane som er att for dagen, som dei skal ha til kaffien, er det sjefskokken Mauricio som held fortet.
No kjenner Mauricio seg heime på Robin Hood-huset, og mange kjenner han. Etter snart ti år i ulike roller, får han no betalt for å komme hit. Men det har ikkje alltid vore slik. Han fortel om ei tid der han kom med dottera si til Robin Hood-huset. Det var midt i ei vond skilsmisse og ein tung periode, og det som møtte han var ein stad det gjekk an å puste, og vere saman med andre vaksne som også hadde barn.
- Det var nokre gonger det var vanskeleg å komme seg ut for å møte folk, men det var nødvendig, det hjalp, fortel han.
No er han tilkallingsvikar i tillegg til fulltidsstillinga han har, og han legg ikkje skjul på at han stort sett seier ja når dei ringer.
– Det er jo litt som ein venn som ringer og spør om ein kan stille opp, og då stiller ein opp, smiler han.
- Maten skal vere næringsrik, laga frå botn, med minst mogleg konserveringsmiddel. Det er også heilt rusfritt her, avsluttar Mauricio før han trengst på kjøkkenet att.
Kvifor har vi dette i huset i byen vår?
Er det sånn at dette huset tek frå dei rike og gir til dei fattige då, lurar du kanskje på?
På ein måte kanskje, utan at du treng å kjenne deg rana - for det er dette skattepengane våre går til. I tillegg kjem det ein bil kvar tysdag og leverer mat med kort holdbarhetsdato.
- Om du kjenner deg einsam eller utanfor samfunnet er det ei open dør i Robin Hood-huset. Alle skal få ein sjanse til å betre sin sosiale situasjon. No vaskar Ida av alle borda og dei frivillige stablar stolar før stenging.
Klokka er halv åtte i Robin Hood-huset. Ida tek ein pause i vaskinga då Helen vil sjekka kven som er høgast, ho eller Ida. Dei er omlag like høge.
