Bybonden i Bergen: Slik skaper du dyrkeglede hos barna
Tekst: Ingrid Faanes
Foto: Tove K. Breistein
Skulestart er i full gang, med kalde haustlege morgonar, og for bybonden i Bergen vi inne i den mest magiske tida på året: Innhaustinga.
På Lystgården på Landås treff vi Kristin Hermansen. Ho er ungane sin eigen bybonde, og i desse vekene har ho det ekstra travelt. Det som vart sådd som små frø og settepoteter før sommarferien, skal no haustast inn av forventningsfulle skule- og barnehageungar.
– Dei blir dyrka ved å grave i jorda, så eit frø, vente tålmodig gjennom sommaren – og så grave dei opp att no om hausten. Kristin sin entusiasme for markens grøde er smittsom. Innhaustinga handlar om så mykje meir enn mat på bordet, fortel ho. Bybondens viktigaste oppgåve er å gjere matproduksjon både ufarleg og tilgjengeleg for folk i alle aldrar.
– Vi blir stadig meir digitale, og kanskje er kanskje er det viktigare no enn nokon gang å stikke fingeren - eller heile armen - i jorda. Å kjenne mold på fingrane og hente opp sin eigen mat gjer noko heilt eige med oss. Vi treng å grave meir i jorda, meiner ho.

Magi i pallekarmen
Det å putte ei enkel potet ned i jorda om våren, for så å ta opp ei lita bøtte store, fine poteter om hausten – det kallar Kristin rein magi. Dei er også hennar absolutte favorittgrønsak å dyrke. Poteter er enkle å setje, fleksible når det gjeld plante- og haustetidspunkt, krev lite vedlikehald og kan tåle toler at du reiser frå dei på sommarferie.
Gjennom prosjekt som for eksempel «Barnas kjøkkenhage» og samarbeid med Turboklubben får ungar oppleve kvar maten på bordet faktisk kjem frå. Kristin fortel ei solskinshistorie frå ein barnehage der uteområdet bestod av gummidekke, asfalt, kunstgras og ei smal stripe med grus. Men det stoppa dei ikkje frå å starte dyrkinga. Dei fjerna noko av kunstgraset, sette opp pallekarmar og bærbusker.
– Dei ordna til og med ein eigen «jordgravestasjon», berre for at ungane skulle grave i jorda så mykje dei ville... og kanskje litt for at ingen skulle grave opp grønsakene før dei var modne, ler Kristin. Ungane var med på å byggje og plante sjølve, og fekk produsere sin eigen mat.
– Dei tok med seg dyrkegleda heim, og vips – så vart det vaksenopplæring for foreldra òg, fortel ho. Den beste måten å lære seg å dyrke på er ved å gjere, prøve og feile.
– Skeive gulrøter gir meistring som er rein folkehelse. Og heimedyrka poteter blir dei beste ungane har smakt!
På skuledagar ute i kjøkkenhagen stiller alle likt – uansett kor mykje du har lest deg opp i forkant er det naturen sjølv som bestemmer. Dette byggjer samhald og sterk lagkjensle. Og sjølv om det å skape entusiasme hos tenåringar ikkje alltid er like lett, veit Kristin at isen blir broten fort: Viss berre éin tenåring synest det er kult å bli skitten på fingrane, følgjer flokken raskt etter.
Meitemark og superheltkrefter
Det dukkar opp mange spørsmål frå nysgjerrige små bønder: Kvifor blir gulrota skeiv? Og kvifor har vi eigentleg meitemark? Svaret på det første er vel at naturen i seg sjølv sjeldan veks heilt beint opp og ned. Gulrøtene treff steinar eller anna som dei slynger seg rundt, og litt av spenninga er at vi aldri veit kva form vi trekk opp på slutten av sesongen. Svaret på det siste er at meitemarken er jorda sin eigen superhelt. Han ryddar og bearbeider jorda, og gir næring og luft til plantane sine røter. For mange er det å berre finne ein meitemark eit høgdepunkt i seg sjølv.
Kristin er ein stor tilhengar av økologisk landbruk:
– Eg finn ikkje eit einaste argument for å sprøyte gift på plantar som vi skal ete, eller å bruke kunstgjødsel over naturleg næring, seier ho.
– Kunstgjødsel er ikkje ein fornybar ressurs, slik naturleg næring er. Naturgjødsel som kompost, møkk, hønsenæring og kukompost matar livet i jorda, som igjen gir næring til plantane. Kunstgjødsel gir kun næring til plantane, og det dei ikkje treng finn vegen ut i vatnet og til slutt fjordane våre, forklarar ho. Det er betre både for oss og planeten om vi heller plukkar med ein pose Kukompost eller “Hønepøne” frå hagesenteret - eller berre brukar vanleg kompost i hagen.

Som å stjele grønsaker frå ungar?
Medan ungane lærer om livets kretsløp med ein spade i handa, må bybonden kjempe mot budsjettkutt. Engasjementet til trass: Å ta vare på byens grøne lunger krev trygge, forutsigbare rammer. Bybonden er ein eigen, uavhengig organisasjon.
– Vi får fast driftstøtte frå Bergen Kommune, som gjer at dei kan oppretthalde tilbodet dei har i dag, slik som å dra på gratis befaring med tips og råd til bergensarar som vil dyrke saman. I tillegg gjer det at dei kan gi redusert pris på kurs og arrangement som vi heldt, fortel Kristin.
Under førre byråd hadde Bergen kommune ein skulehagesatsing som vart drifta av Bybonden. Satsinga vart avvikla av dagens byråd, og skulane som ønskjer skulehage i dag må f.eks bruke av midlar retta mor “praktiske og utforskande læringsarenaer på 5.-10. trinn.” Dette er same midler som vert brukt til f.eks sløydbenkar eller mikroskop til naturfagsalen, og er ikkje øyremerka skulehage slik dei kommunale midla var.
Mangelen på øyremerka kommunal støtte gjer òg at skulane må prioritere midlane sine dersom dei vil anlegge skulekjøkkenhagar og få besøk av bybonden og gardskokken på Lystgården – som mellom anna diskar opp med deilig «hagetaco» laga med lokal kål og poteter.
– Slike praktiske pedagogiske tilbod burde vere ei sjølvfølge i ein by som satsar på framtidas folkehelse og grøne lunger for ungar, fortel Kristin.
Berre gjer det!
Den viktigaste oppmodinga Bybonden har til både små og store denne hausten er krystallklar: Berre gjer det!
– Naturen skjer, og nokre gonger går ting skeis – ein veit aldri heilt kva det blir grønsaker av. Men tenk då: Sår du eit lite gulrotfrø om våren, spirer det etter tre veker, og etter tre månader har du ei fersk gulrot du kan dra opp av jorda. Om ho blir krokete eller skeiv, er det ein del av moroa – mat du har dyrka sjølv smakar uansett best, avsluttar ho.
Urbane landbrukstips!
frå bybonde Kristin
-
Pallekarmar eller andre opphøyde bed: Den enklaste måten å starte ein minikjøkkenhage på i bakgarden eller på balkongen. Ver arealeffektiv ved å utnytte høgda med klatreplanter og oppheng dersom plassen er liten.
-
Parsellhagar: Lei ein liten jordflekk i nærleiken viss du manglar eigen hage.
-
Allier deg med naboen: Så frø saman og del på jordflekken, vatningsansvaret og verktøy. Våronna, slåtten og innhaustinga er mykje artigare saman med andre.
-
Smør deg med tolmod: Ting tek tid i jorda, men ventetida gjer premien desto søtare. Er du veldig utålmodig, så salat, spinat og reddiker. Desse tar 4-6 uker frå du sår til du kan hauste.
-
Pass deg for brunsneg, dei er ein utfordring i dei fleste hagar. Det hjelper å holde dyrkeområdet ryddig, gjerne med grus eller bark rundt beda. Unngå heller eller anna som dei kan gøyme seg under, og ta ein runde kvar kveld på jakt.
-
Start med potet: Ein sikker vinnar for ferske bønder som gir rask meistringskjensle. Men hugs å kjøpe sertifiserte settepoteter, og ikkje bruk matpoteter frå butikken, då ein kan risikere å spreie potetsjukdommar.
-
Ta vare på meitemarken: Hugs at han gjer den viktigaste jobben i jorda for deg.
-
Lær ved å feile: Gjekk det ikkje heilt som planlagt i år? Naturen gir deg alltid ein ny sjanse neste vår.
-
Dyrk mer enn éin sort. Det er alltid noe som går bra selv om noe annet feilet. Bruk høsten og vinteren til å planlegge neste års kjøkkenhage, og prøv igjen!