Åpen gård_STBR4906.jpg
10. september 2026

Framnes gard: Her får barna kome tett på dyra

På Framnes gard får barna kome tett på sauer, kaninar og fuglar – og lære litt om livet på garden. Malvin (3) og Frida (5) har bytta ut seglbåten med ein dag blant dyr og leik på tunet.

Tekst og Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes

– Det kjekkaste er å vere på leikeplassen, erklærer Frida, medan ho tek sats på slengdissa. Det tek ikkje lang tid før broren Malvin kastar seg med.
Leikeplassen på Framnes gard har også ei stor borg der Viola (5) og Luna (4) har slått leir. Dei klatrar inn gjennom ei luke på den eine sida og tek seg opp til toppen, der dei kan kikke utover det livlege tunet. Dei vaksne er i gong med å førebu pølser på bålpanna og saft til alle som vil ha.
Frida tek seg ein tur innom kaninfjøset og sørgjer for at kaninane også får seg ein matbit i form av gulrot. Litt kaninkos blir det også.

Mest kontroll, litt kaos

– I dag er det akkurat slik vi vil ha det her på Framnes gard – 90 prosent kontroll og 10 prosent kaos, ler gardseigar Solveig.
Vi rekk så vidt inn grinda til beitet før sauane flokkar seg rundt den erfarne bonden. Dei ber om kos med eit lett dult med hovudet i sida på både barn og foreldre. Theo Emilian (3) har tydeleg dyretekke og kviler hovudet forsiktig mot ryggen til ein villig sau.
– Desse har vore flaskelam og har vakse opp i stova til ein ven av meg, så dei elskar folk, fortel Solveig, medan to sauesøsken diltar etter henne over beitet.
Resten av saueflokken blir igjen for meir kos hos familien til Theo Emilian. I dag er han på Framnes gard saman med mamma, pappa og veslesøskenet.
– Vi pleier å gi Theo Emilian fri frå barnehagen ein dag i veka for litt kvalitetstid. Då er det kjekt med slike stader som dette, fortel mamma Annette.
Sauane er særs nøgde med å få ferske blad frå trea.

Ulike opplevingar til ulike sesongar

– KFUK-barnehagen, som er her i dag, tek turen til Framnes gard med jamne mellomrom. Til hausten skal vi setje poteter, og når jula nærmar seg blir det sjølvsagt julebesøk med graut, fortel Solveig.
På akkurat dette gardsbesøket er det dyrekos og mating som står på dagsplanen.
Eg synest det er viktig at ungane får sjå kvar maten vår kjem frå. Dei får kose og stelle med desse nusselege dyra, samstundes som vi kan snakke om at når dyra har det bra, blir maten vår også betre.
– Men akkurat dei kosete flaskelamma blir nok å sjå neste sesong òg, ler Solveig, medan ein av sauane rampete nappar henne i baken.

Liv på garden

På garden bur også mora til Solveig, Hanne Sofie. No står ho midt på tunet mellom spretne barneføter, kakling frå høneburet og flaksing frå kanarifuglane.
– Her er det alltid noko å gjere, anten det er måndag eller søndag, ler Hanne Sofie.
Ho er yngst av fire sysken, men dei tre storebrørne var ikkje interesserte i gardsdrift. Dermed fekk ho garden i bryllaupsgåve.
– No for tida har eg ansvar for egga. Vi har 15–20 faste kundar som får egg leverte på trappa.
Brevduene, som bur ved sidan av kanarifuglane, er Stein sine. Han viser kva fuglane likar å ete, og snart stikk fleire barnehender blad inn mellom sprinklane til dei svoltne nebba.
– Då eg var gut, var brevduer like vanlege som buekorps, fortel Stein til dei ivrige ungane. Fuglane hans har både konkurrert og tatt seg turar til Fløyen, og Stein svarar veldig gjerne på spørsmål om dette, både frå store og små.
Solveig har elles fleire som er i arbeidstrening på garden. På dagar det er full rulle, jobbar dei gjerne på i bakgrunnen.
-  Det å kunne hjelpe dei som treng det ut i jobb, kjenst både meiningsfylt og viktig og det er noko vi kjem til å halde fram med – som det meste anna vi driv med, smiler ho, før ho tek runden for å sjå at både dyr og barn har det som dei skal. 

Neste gardsbesøk

For tida tek Framnes gard imot grupper på besøk. Vil ein på gardsbesøk, kan ein vere med ein open barnehage.
– Då betaler ein gjerne ein eigenandel på 60 kroner, og så sørgjer barnehagen for skyss, mat og saft, fortel styraren i KFUK-barnehagen.
Har ein lyst på gardsbesøk i helga eller saman med familien, kan ein ta turen til for eksempel Soltun besøksgard. Her kan ein køyre hest og vogn, farte rundt på trøtraktor på tunet, og om vinteren kjem fjøsnissane fram. Det er også open kafé og gardsbutikk.
Her på Framnes gard er lunsjen unnagjord, og det nærmar seg avreise for store og små.
Neste gong dei kjem, er blada i ferd med å sleppe taket i trea, og Solveig står klar med settepotetene.

 

 

Andre Artikler