Korleis luktar ein skog? Utforsk sansane saman med barna
Tekst: Mildrid Kyte – høgskulelektor i naturfag ved Grunnskulelærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet
Verda rundt oss er full av inntrykk, og kroppen vår er laga for å legga merka til dei.
Når me går ut, tar me med oss heile kroppen. Me kan sjå fargar, former og rørsler, me kan høyre lydar, susing og rasling. Me høyrer til og med stillheita. Me kan lukte den klare haustlufta, den våte jorda, blomar og røyk frå bål. Med hender, føter og hud kan me kjenne om noko er vått eller tørt, kaldt eller varmt, mjukt eller hardt. Me kan smake blåbær, nista vår og til og med regndropar.
Alle sansane gir oss informasjon. Dei fortel oss noko om verda og om oss sjølve. Når du ser eit tre, er det ikkje berre synet som fortel deg at det er eit tre. Du kan også kjenne den ruglete barken, høyre blada som raslar i vinden, og kanskje lukte den fuktige stamma etter regn.
Når me sansar kan me også spørje: Kva er det som gjer at det nettopp er eit tre, og ikkje ein planke eller ein stige? Er det måten det ser ut på? Er det lukta? Er det korleis det kjennest å ta på? Eller kanskje alt på ein gong?
Sansar og ord
Når me sansar kan me også finne ord for å beskriva det me opplever – både for å forstå det me erfarer sjølve, og for å kunne dele erfaringane med andre. Når me tek opp ein pinne i skogen, kan me tenke over korleis han kjennest ut. Er han glatt eller ruglete, tung eller lett, tørr eller våt. Så finn me kanskje ein anna pinne. Kva er likt, og kva er ulikt? Me kan setta ord på forskjellane. «Denne pinnen er tjukkare, den luktar våt jord, og har fleire små knottar».
Viss me også deler sanseerfaringane våre med andre, lærer me både å sjå detaljar og å forklare dei. I staden for å seie «denne pinnen er rar», kan me seie: «Denne pinnen er krokete og litt mjuk når eg bøyer han.» Då blir det lettare for andre å skjøne kva me meiner, og det blir tydelegare kva me har lagt merke til. Å dele erfaringar er meir enn å prate saman. Det handlar om å prøve å forstå noko i lag.
Sansar er tilgjengelege – men ikkje like for alle
Kva lyd lagar graset når du går gjennom det? For å høyre noko må du lytte ekstra nøye. Nokon seier det knitrar, andre at det susar, og nokon høyrer nesten ingenting. Kanskje me ikkje sansar likt? Me høyrer kanskje ikkje det same, sjølv om me går på den same stien?
Alle menneske sansar, men me sansar ikkje på same måte. Nokon ser eller høyrer dårleg eller ikkje i det heile tatt. Andre har veldig følsom hud og kjenner alt ekstra sterkt. Sansing er ein del av det å vera menneske, men sanseapparatet vårt er ulikt, og erfaringane me gjer oss blir også ulike. I møte med andre er det derfor viktig å hugse på at verda ikkje oppleves likt for alle. Nokon sansar mest gjennom lyd og lukt, andre gjennom syn, andre igjen gjennom det dei kan ta og kjenne på. Om ein person ser dårleg, kan lyden av stemmer, vinden i trea eller lukta av våt asfalt vera det som gir informasjon om verda rundt. I naturen og i kvardagen vår er det mange ulike måtar å sanse på. Det treng ikkje vera slik at alle sansar det same eller opplever det same, så lenge alle får sjansen til å bruke sine eigne sansar til å vera i verda på og vera nysjerrig på kva sanseinformasjonen betyr.
Å vere menneske er å sanse
Å sanse og undre seg over kva det betyr, er ein viktig del av det å vere menneske, både for barn og vaksne. Kvifor luktar det annleis i skogen enn på skuleplassen? Kvifor høyrest regn på eit blikktak annleis ut enn regn på mjuk jord? Kvifor smakar det så spesielt å ete nistepakka ute?
Sanseerfaringane våre påverkar oss og er med på å forme kven me er. Kanskje du kjenner at du blir roleg av lyden av regn? At mørke og rare lydar gjer deg redd? Eller at du kjenner deg glad av lukta av nysteikt brød?
Å sanse er ein måte å oppdage både seg sjølv og omgivnadane på. Å vere menneske er å sanse: å kjenne, å lytte, å smake, å høyre og å lukte – og å undre seg over alt det ein møter i verda.