Gjenbruk_STBR5361.jpg
27. november 2026

Klara(8) ryddar til jul

Klara (8) ryddar plass til julegåvene ved å selje leiker ho ikkje lenger brukar, på bruktmarknad på Møhlenpris. Målet er å tene 500 kroner – og kanskje finne noko nytt å ta med heim.

Tekst & Foto: Ylva Fyllingsnes

Kvart år sidan Klara var fem, har ho stått på marknaden på Møhlenpris med leiker ho ikkje lenger brukar. Det har blitt ein tradisjon, særleg sidan ho har bursdag i oktober og jula kjem like etter.
– Både fordi det blir fullt i bamsekorger og skap, men også fordi andre kan få glede av leiker som berre ligg inst i ei hylle, fortel Klara.
Ideen om å ha eigen bod kom då ho var med mamma og pappa på marknad etter at dei hadde rydda i kott og boder.
– Sidan då har det gått i både bollebod, pizzasnurrbod og saftbod, både sommar og vår – i tillegg til den faste marknadsboden med leiker kvar haust.
No er det tid for å finne fram leikene igjen.

Utveljinga

Det er dagen før marknadsdagen, og Klara sit ved korga med kosebamsar og skal starte den spennande utveljinga: Kven skal få seg ein ny heim, og kven skal bli?
– Ho her skal iallfall vere her for alltid!
Katten Pompom har snike seg inn mellom leikene og vil vere med på utveljinga. Ho får ein god kos før den verkelege jobben startar.
Ein grå bamse ho ikkje hugsar kvar kom frå, legg ho i posen som skal på bruktmarknad. Saman med ein gyngestol til Barbie, eit kaleidoskop, mengder av leikebilar og omtrent alt ho har med einhjørning på.
– Eg er litt ferdig med einhjørningar, erkjenner ho.
Men den største einhjørningsbamsen, som ho fekk frå onkel og tante, får bli. Tre fulle posar seinare er Klara klar for å opne bod søndag formiddag.

Boden opnar

Kl. 11.30: Femten bodar gjer seg klare til opninga kl. 12 idet Klara kjem med kosebamsar, bilar og bøker. Ho finn seg ein passeleg plass til bordet sitt, mellom eit ektepar med klede på stativ og tre jenter på elleve år som sel hekla kosedyr, strikk og eit par leiker dei ikkje lenger brukar.

Kl. 11.55: Den første kunden har stilt seg opp ved boden. Aurelia (3) peikar på Peppa Gris-boka som ligg rett ved føtene hennar.
– Du har ikkje den heime, då? lurer bestemora på.
Eitt minutt seinare har boka fått seg ein ny eigar, og Aurelia er offisielt Klara sin første kunde! Som takk for kjøpet får ho med seg ein ekstra kattefigur.
No er salet i gang!

Kl. 12.00: Boden er herved open, men alle ruslar glatt forbi.

Kl. 12.15: Det er stille i boden, og Klara rekk ein kikk i naboboden før neste kunde kjem. Ho merkar seg ein blå, hekla manet til 20 kroner.

Kl. 12.20: Ein hund tek Gabbie-katten i munnen! Han vil ikkje gje han frå seg heller, så eigaren ser inga anna løysing enn å kjøpe han. 30 kroner inn i kassa, og ein golden retriever har fått seg ny biteleike – alle er nøgde.

Kl. 12.21: Klara er tilbake i naboboden og sikrar seg den blå, hekla maneten! To ting selde, éin ting kjøpt.

Kl. 12.25: Ein gut på rundt tre år har sett seg ut den oransje og brune kikkerten midt på bordet. 30 kroner til inn i kassa, og Klara har framleis ein kikkert igjen heime.

Kl. 12.27: Ei jente på rundt sju år saumfarer heile bordet. Sykkelhjelmen er framleis på hovudet. Mora ropar på henne, og ho går tomhendt derifrå.

Kl. 13.50: Margherita frå Uno blir lunsjen – spandert av pappa, som nettopp har selt ei jakke for 500 kroner! Han har sitt eige stativ for dagen. Men kundane strøymer på, så her må ein diskutere prisar med pizzastykke i handa.

Kl. 14.15: Ein far kjem med ei jente som har plumpa i vatnet (det er trass alt ei bystrand rett bak boden) og treng ei ny strømpebukse. Det får ho, og det kjem 20 nye kroner i kassa.

Kl. 14.17: Jenta med sykkelhjelmen er tilbake! No har ho med seg mora. Etter å ha sjekka ut alle leikene på nytt har ho landa på ei avgjerd: Det blir ein bamse som liknar på Bambi.

Kl. 14.30: Ei mor har oppdaga at Klara sel klede som har blitt for små, og kjøper ein heil berepose til dottera si på fire. Ho slengjer med eit par dansesko og ein kosebamse. Det kjem heile 430 kroner inn i kassa. Rekord for dagen!

Kl. 14.45: Klara har endeleg råd til å kjøpe den store, hekla kaninbamsen jentene i naboboden har laga. Så ho gjer det. Jentene jublar over handelen, og Klara blir erklært dagens beste kunde.

Kl. 14.50: Målet for dagen er nådd – Klara har fått inn heile 780 kroner!

Marknaden varer eigentleg til kl. 16, men no er det tid for å pakke saman. Klara skal trass alt i bursdagsmiddag og feire onkelen sin!
Heldigvis har ho eit nyhekla kosedyr ho kan gje han i bursdagsgåve.

Til neste år

Leikene som ikkje vart selde, skal anten få nye eigarar blant yngre venner eller vente i boden til neste marknad. Kanskje blir det ein ekstra salsdag allereie til våren?
– No skal eg lære meg å hekle kosedyr, som jentene i naboboden. Tenk, då har eg jo noko kjekt å gjere mellom kvart kundebesøk!

 

 

 

Andre Artikler