Middag og møter i førjulstida
Tekst: Mai Vabø
På Bergen inkluderingssenter på Landås står rettar frå ulike delar av verda på menyen når kantina Mat & Prat inviterer til nabolagsmiddag. Her samlast familiar og andre frå nærmiljøet rundt middagsbordet ein gong i månaden.
Det er særleg barnefamiliar frå nabolaget som brukar tilbodet. Inkluderingssenteret ønskjer å skape samhald i nærmiljøet, og har fått støtte til å arrangere aktivitetar og verkstader i samband med middagane.
Torsdag 26/11 blir det boklansering, teikneaktivitetar og konsert med koret Saga. Årets siste nabolagsmiddag, 17/12, byr på juleverkstad og ansiktsmåling. Begge dagane er det ope kl. 14.30–17.30, med middag til ein hyggeleg pris og utan krav om påmelding.
Også på Magneten frivilligsentral i Fyllingsdalen er middagen ein del av det faste nabolagstilbodet. Annankvar tysdag blir det servert heimelaga mat, og med leikerom og stellerom er det lagt til rette for familiar med små barn. Dei neste middagane er 24/11 og 8/12, kl. 16–18. Middagen kostar kr 80 for vaksne og kr 40 for barn.
Løvstakken frivilligsentral har også Nabolagsmiddagar ein gong i månaden, sjekk deira heimesider og facebook for oppdaterte datoar for førjulstida.
Ein ettermiddag saman
Hos Kirkens Bymisjon er Bamsehiet ein møteplass for familiar med barn frå 0 til 12 år. Her blir leik og aktivitetar kombinerte med felles middag. På samlingane i eigne lokale blir det alltid servert mat, medan servering ved utflukter varierer og blir opplyst om i programmet. Familiane må også sjekke programmet for rett besøksstad og aldersgruppe.
Bamsehiet held ope fram til 23/12. Første juledag, 25/12, inviterer dei dessutan til eit gratis julebord om bord på Fjord Line, med buffet, familiedag og gang rundt juletreet. Julebordet er ope for alle familiar, men både dette og dei ordinære aktivitetane krev påmelding. Det er avgrensa med plassar, og dei påmelde får beskjed om dei har fått plass.
På Robin Hood-huset i Bergen sentrum blir veka avslutta med familiekafé kvar fredag kl. 17–19.30. Frivillige serverer middag, gjerne pizza eller taco, medan barna kan spele brettspel eller delta i kreative aktivitetar. Tilbodet er gratis og krev inga påmelding. Barn må kome saman med ein forelder eller annan vaksen, og familiekafeen er ikkje open for vaksne som kjem åleine.
Middag før aktivitetane
I fleire av kyrkjene i Bergen er middagen knytt til faste aktivitetar for barna. På Landås er det open barnehage kl. 9–15, før det blir servert middag kl. 15–16.45. Maten kostar kr 35/65, medan resten av tilbodet er gratis. Alle er velkomne, men dei som ønskjer middag, må melde seg på innan kl. 9 same dag. Siste middag før jul er 7/12.
I Fridalen kirke blir det servert middag for store og små 18/11, 25/11 og 2/12 kl. 16–17, før barna kan bli med på Knøttekor fram til kl. 17.30. Pris: kr 30/50/150.
I Sædalen kirke blir det servert middag kvar onsdag kl. 15.30–17. På Superonsdagane 11/11 og 25/11 held ettermiddagen fram med samling, bibelforteljing, song og leik. Andre onsdagar er det koraktivitetar etter middagen. Det er ingen øvre aldersgrense, men tilbodet blir mest brukt av barnefamiliar. Pris: kr 35/65/220. Påmelding via kyrkja si nettside eller Facebook-gruppe innan kl. 9 same dag.
Sælen kirke inviterer til middag og knøttesamling 11/11 og 25/11 kl. 16–17.30. Pris: kr 50 per person, maks kr 150 per familie. Påmelding via kyrkja si nettside.
I Ytrebygda kirke inviterer Fana sokn og KFUK-KFUM Fana til Familiedag 12/11 og 26/11. Det blir servert pølse i brød kl. 16–17, før barna kan delta i Knøttesang (0–2 år), Minising (3–6 år) eller barnekoret BaKoY (1.–7. klasse). Det er også speidaraktivitetar for barn i 3.–7. klasse kl. 17–19. Middagen er open for alle aldrar, og 26/11 er siste samling før jul. Pris: kr 10 per pølse.
I Fana open barnehage blir det Supermåndag 23/11 kl. 15.30–17.30. Middagen blir servert fram til kl. 16.30, før det blir diskotek for barna og kaffimat. Tilbodet er ope for alle aldrar og blir drive på frivillig basis, med plass til både familiar og naboar. Pris: gratis for barn under 2 år, kr 20 for barn 2–10 år og kr 40 for eldre barn og vaksne. Påmelding til Nina, tlf. 900 46 107, eller på liste i barnehagen innan dagen før.
Midt i byen inviterer Centralkirken til Myldredag kvar måndag i november og fram til juleavslutninga 7/12. Etter felles middag kl. 16.30 er det barnekor for barn frå rundt tre til åtte–ni år. Annankvar måndag er det også dansegruppe for skulebarn opp til rundt åtte–ni år.
Middagen kostar kr 30 per person, maks kr 50 per familie. Påmelding på SMS til Siv Bø, 932 35 494, innan kl. 18 søndagen før. Den 7/12 blir semesteret avslutta med julegraut og ei enkel utlodning.
Julegraut
I Arna får fleire av måltida eit tydeleg førjulspreg. I Ytre Arna samarbeider kyrkjelyden med Noa open barnehage om Generasjonsmiddag. Onsdag 25/11 kl. 14–17 blir det servert gratis risgraut, med førjulsaktivitetar for både små og store. Inga påmelding.
Også i Indre Arna inviterer Arna kyrkjelyd og Sakeus open barnehage til grautlaurdag. Laurdag 28/11 kl. 12–15 står risgraut og førjulsaktivitetar på programmet. Både mat og aktivitetar er gratis, og det er inga påmelding.